Rehabilitering av Ørsta stadion 2003

 

I 2003 vart det endeleg fart i rehabiliteringa av Ørsta stadion. Etter 20 år er dekket utslitt og noko måtte gjerast skulle vi behalde statusen som fylkesanlegg. Dekket hadde store sprekker og sår, merkinga var vekk og mange plassar var asfalten synleg gjennom tartanen.

I månadskifte juni/juli skulle rehabiliteringa ta til, men forseinkinga var eit faktum då firmaet som skulle legge dekket sto ”verfaste” lenger sør i landet. Det flotte veret her kunne ikkje nyttast, til stor ergrelse for mange. Men etter kvart kom vi i gang og det gjekk greit å få lagt toppdekket, men så var det dette lune-fulle Sunnmørsveret som atter ein gong skulle forseinke avsluttinga av rehabiliteringa.

6 dagar med fint ver trengtes til sjølve merkinga – Det tok 17 dagar, men no er stadion FERDIG…….

Ørsta stadion har gitt oss mange gode og lovande resultat opp gjennom desse åra, og med det nye toppdekket vil Ørsta stadion på ny stå fram i si flotte drakt og vere med på å gi friidretten i Ørsta ein ny giv.


Ei stor takk til Ørsta kommune som har vore velvillige til å være med på og realisere gjennomføringa av rehabiliteringa.