Ørsta stadion kan

verte underkjent -

Må ha nytt dekke

Ørsta IL friidrett håper å kunne leggje nytt dekke på Ørsta stadion til våren.

Viss ikkje, risikerer friidrettsgruppa å få underkjent løpebana som godkjent friidrettsarena

Friidrettsgruppa er godt i gang med arbeidet med å få lagt nytt dekkje. Finansieringa på 3,6 millionar kroner er på plass.


Noko av det einaste som manglar er kommunal garanti på eit byggjelån på 1,6 millionar kroner. Dette er ei mellomfinansiering til utbetalinga av spelemidlar er på plass.


Løpedekket på Ørsta stadion er utslite og må skiftast ut med det første. I 1962 vart det etablert løpebane med seks rundbaner på Ørsta stadion. I 1983 vart det lagt kunststoff dekke av typen polyuretan. I 2003 vart dette kunststoffdekket rehabilitert. Ørsta IL er grunneigar av Ørsta stadion og føler sterkt ansvar for å halde anlegget ved like. Levetida på denne typen kunststoffdekke er typisk 10-20 år, alt etter vedlikehald og klimatiske forhold, heiter det i søknaden frå Ørsta IL til kommunen.


I søknaden vert det vist til ein tilstandsrapport frå Norges friidrettsforbund frå 2019. Då var det synfaring.


I rapporten frå synfaringa tilrådde Norges friidrettsforbund at anlegget vart rehabilitert med det første. Møre og Romsdal friidrettskrets uttalte i 2020/2021 at anlegget står i fare for å verte underkjent av friidrettsforbundet, forklarar Ørsta IL om bakgrunnen for at det må kome eit nytt kunststoffdekke.


Viss søknaden om kommunal garanti vert innvilga, lovar Ørsta IL ein flott rehabilitert stadion.


Friidrettsstadion i Ørsta vert etter rehabiliteringa eit av dei beste anlegga i regionen med nytt løpedekke, flott tribuneanlegg og med Ørstahallen tett opp til friidrettsbana. eit rehabilitert friidrettsstadion kan leggast til rette for større arrangement som UM, Lerøy-leikane, KM, Midt-Norsk meisterskap, større regionale stemne og meir, heiter det i søknaden.


Møre-Nytt 17.januar 2023

Rune Sæbønes