Nordisk mesterskap for

veteranar i friidrett

Gull til Grete - to sølv til Anne Line


Grete Bjørdalsbakke og Anne Line Gausdal deltok i helga i Nordisk mesisterskap i friidrett for veteraner i Brumunddal. Ørsta-damene presterte godt. Grete tok gull i kule i klasse 45-49 år, medan Anne Line tok sølvmedalje i både diskos og kule i klasse 40-44 år


Anne Line Gausdal deltok i tre øvingar. I diskos kasta ho 26,93 meter og sette ny personleg rekord. Ho vart lønna med sølvmedalje. I kule vart  resultatet 8,28 meter. Og i slegge kasta ho 24,69 meter. Dette resultatet er ny personleg rekord og gav en fjerdeplass.


Grete Bjørdalsbakke sitt vinnarstøyt i kule målte 10,42 meter. Fem av støtta var lenger enn andreplassen og 10,42 meter var det beste resultatet blant alle kvinner som støytte med 4-kilos-kule. I diskos tok Grete fjerdeplassen med eit kast på 25,69 meter. Dette er årsbeste for Grete.


Begge er godt nøgde med innsatsen i meisterskapen og har fått verkeleg lyst til å vere med på fleire veteranmeisterskap.


Og i tillegg til dei individuelle resultata var Ørsta-damene med på vinnarlaget.

Noreg vann nasjonsskampen suverent


Ei kjempeoppleving


Årsaka til at vi melde oss på meisterskapen var at det var barndomsklubben til Anne Line, Veldre Friidrett i Brumunddal, som var arrangør. Og det vart ei kjempeoppleving fortel Grete Bjørdalsbakke.


Godt over 400 deltakarar fra Noreg, Finland, Sverige, Danmark og Island var med i meisterskapen, fortel Anne Line Gausdal.


Dei to Ørsta-damene oppdaga verkeleg det flotte miljøet som finst blant veteranene. Deltakarane var

i alderen fra 35 - 92 år.


Håper å få til et veteranmiljø i Ørsta


Grete og Anne Line var for reine ungdomar å rekne samanlikna med mange andre. Og dei to vart spesielt imponert over eldstemann, 92-åringen Torgeir Brandvoll. Han kasta 17,82 meter i slegge og 7,13 meter i kule. det siste resultatet er ny europarekord i kule for menn i aldersklassa 90+.


Også i klassa 85-89 år var det nokre deltakarar og i klasse 80-84 år var det mange deltakarar. M.a går arrangørklubben Veldre føre med eit godt døme på eit flott veteranmiljø.


Mange av veteranane trenar fast, og fleire av resultata er på høgde med dei vi finn i senioridretten, fortel Ørsta-veteranane.


Grete og Anne Line vonar å få med seg fleire i eit veteranmiljø i Ørsta. Kvinnene har fått smaken på veteranstemne og vurderer å stille i europameisterskapen i Polen i 2006.


Det hadde vore kjekt med mange deltakarar fra vårt nærområde. Det var svært kjekt å vere med i meisterskapen, og det går godt an å konkurrere sjølv om ein har passert 35 år. I meisterskapen fekk vi sjå kva folk kan få ut av livet sitt med å halde seg i aktivitet, seier dei to.


Attende i landslagsdrakta


I nordisk mesterskap stilte alle norske utøvarar i den norske landslagsdrakta. dette var ei spesiell oppleving, og kanskje ekstra stas for Grete Bjørdalsbakke, som har hatt på seg landslagsdrakta fleire gongar før. I stordomstida var ho best i landet og ruva øvst på resultatlistene i hopp-øvingane.

I meisterskapen trefte ho også mange tidlegare landslagsutøvarar i friidrett.


Premieutdelarane var OL-vinnarar fra ulike idretter: Ragnhild Myklebust, Ole Ellevseter og Egil Danielsen.


Ønsker meisterskap i Ørsta


Eit anna punkt kvinnene tykkjer er interessant er at Veldre Friidrett rekna med å sitje att med 180.000 kroner i overskot fra meisterskapen. Pengane skal gå til rekrutteringa i friidrettsklubben.


Eg ser verdien i å ha eit slikt arrangement, og eg kjem nok til å kaste idéen fram for friidrettsgruppa i Ørsta. Heile næringslivet kunne drege vekslar på eit slikt arrangement seier Grete Bjørdalsbakke.


Møre-Nytt 07.07.2005

Petter Sandnes