Ørsta Stadion 

Alle foto : Jostein O.Mo

Ørsta Stadion 1977


Friidrettsgruppa i Ørsta vil tinge med kommunen om overtaking av stadion


Ei avgjerande sak for framtida og for friidretten seier, Jostein Mo.


Til årsmøtet i Ørsta Idrottslag måndag ligg det føre forslag frå friidrettsgruppa om at eit utval får fullmakt til å tinge med Ørsta kommune om å overta Ørsta stadion irekna drift og vedlikehald, om mogleg allereie frå komande sesong. Gruppa vil at resultatet av tingingane skal leggast fram for ekstraordinært årsmøte innan utgangen av mars 1978.


Friidrettsgruppa har drøfta vanskane med vedlikehald av stadion på styremøte nyleg, og Jostein Mo er gruppa sin talsmann i denne saka.

 

Dette er en prosess som har fått utvikle seg i altfor lang tid. I friidretten si gruppeårsmelding har vi med eit vedlegg som viser at vi har peika på dette kvart år sidan 1972.

Kvifor et det ikkje teke initiativ før ?  Friidrettsgruppa må sjølvsagt ta sin del av skulda, men vi har vore få leiarar med mange aktive, noko som har gjort det vanskeleg å løyse alle oppgåver. Vi prøvde likevel å få hovudstyret, som vel i røynda står ansvarleg for stadion, til å innsjå alvoret i saka i 1974. Den gong gjorde vi samrøystes styrevedtak : «Av økonomisk og administrative årsaker kan ikkje friidrettsgruppa lenger ta ansvaret for vedlikehaldet av friidrettsanlegget på Ørsta stadion». Vedtaket vart sendt hovudstyret i august 1974.

Og kva respons fekk dette ? 

Eg torer å hevde at den var beskjeden. Vi møtte iallefall ikkje særlig vilje til å løyse vanskane. To år seinare, på årsmøtet i fjor, fremja vi difor forslag likelydande med det vi no legg fram for årsmøtet, påpeikar Jostein Mo. – Årsaka til dette er at vi fekk fleire talsmenn mot oss i fjor, og vi fann det difor best føremålstenleg å oversende forslaget til hovudstyret for vidare arbeid.


No, eit år seinare, og samstundes tre år sidan gruppa sa frå seg ansvaret på stadion, etterlyser Jostein Mo vilje hos idrettslaget til å drøfte og helst løyse vanskane. – Det er grunn til å merke seg at det er vi, og ikkje hovudstyret, som på ny fremjar saka, ei sak som årsmøtet i fjor oversende hovudstyret til handsaming. Dersom idrettslaget hadde arbeidd med saka i mellomtida, hadde det truleg vore unødvendig å ta saka oppatt på årsmøtet på denne måten, då dette er ei hovudstyresak slik saka har stått siste året. I mellomtida har tilhøva for friidretten på stadion blitt verre enn nokon gong før. Friidrettsgruppa gav rett og slett opp etter jonsok.

Kva gjer vedlikehaldet vanskeleg ? 

Først må eg få gi fotballgruppa ros for det vedlikehaldet dei har gjort på sitt anlegg, men samstundes må eg få minne om at fleire fellesoppgåver framleis er på venteliste.

I friidrettsgruppa har det stadig vorte færre medhjelparar, men like mange aktive. Leiarane har kjempa meir og meir fortvilt og gått leie, samstundes som dei aktive har blitt eldre og dyktigare og såleis gjort krav på det meste av det attverande pågangsmotet. Fleire oppgåver har såleis vorte forsømde, og då spesielt vedlikehald og rekruttering. Fleire døme på at det andre i laget har gjort skade på friidrettsanlegget utan å bøte på dette, har også redusert framdriftsanalysa i gruppa vår.


Men idrettsleg står gruppa framleis sterkt ? – Ja vi har på ny hatt ein brukbar sesong, men det kjem som nemnt av at vi har prioritert dei eldste utøvarane. Dei har dominert sine øvingar på Sunnmøre også i år. Utad kan det såleis sjå ut som gruppa arbeider godt. Administrativt er gruppa vår i store vanskar., og den eksisterande aktiviteten er i fare. Gruppa har det beste seniorlaget i kretsen, og det noverande styret ynskjer at desse framleis skal kunne konkurrerefor Ørsta IL. Vi kan få oppleve at dei gode stafettløparane våre sluttar eller går inn i andre lag.

Grete Børdalsbakke har også fått redusert lysta til

å satse på ny sesong og forsvare NM-gull og landslagsplass. Grete er vel den utøvaren som har følt stadionvanskane mest. Friidrettsgruppa er vel også budd på å møte kritikk ? – Naturlegvis, men då eg ikkje sjølv er med i styret, vil eg hevde at det er urett å klandre friidrettsgruppestyret for manglande innsats, - heller motsett. Dette meiner eg fordi styret måtte ta attval på årsmøtet i fjor utan å ville det og utan å vere der.


Kva er relatitene i forslaget ?

Eg vil presisere at årsmøtet skal ta stilling til om det skal tingast med kommuna. Det er ikkje snakk om overtaking i denne omgang, slår Jostein Mo fast.


Møre Nytt oktober 1977