Europamesterskapet i friidrett for veteranar vart arrangert i byen Toruň i Polen 17-24. mars. 2024. Toruň Arena der øvingane føregjekk er Europas flottaste innedørshall. Det var 3500 deltakarar frå heile Europa og 50 utøvarar representerte Norge, der den eldste utøvaren var 87 år. 

Reisebrev frå EM i Toruň - Polen 


Turen nedover frå Vigra  gjekk fint til tross for et 15 minutt forsinka fly som likevel landa på rute - flytid 1,40 t. Vi landa knirkefritt og tilogmed Tone klarte seg fint med sin flyskrekk. Etter ei natt på Hollandhouse midt i Gdansk sentrum so følte vi oss nesten "fyllesjuke" begge to, sidan hotellet var identisk med en irsk pub både i lukt og utsjånad. Det toppa seg når golvet på hotellromet var so klissete at lestane våre hong fast.


Dagen starta dermed med to stk. som ikkje var heilt opplagde, men herfrå kan det berre gå oppover ?. Skonde seg til Toruň tenkte vi ... Tog med bytte, kor vanskelig kan det være ?


Vel, vi var ikkje før sett oss før det kom en "tvilsom" person busande inn i vogna som prøvde å loppe oss for penga - Han var ikkje akkurat uniformert, so vi vart litt i stuss, men polsk det kan vi ikkje. Denne personen vart henta av politi med hund på neste stasjon.

Det var også en "dritsure" konduktør so ikkje kunne et kløyva ord anna en polsk som klarte å stotre fram at toget vi satt på går til Berlin.


Etter et byks ut av toget å det raskaste løpet ej he hatt mellom tre vogner hoppa eg innat å fann en konduktør so gjorde seg forstått - å vi fekk beskjed om å gå av på neste stasjon for togbytte. fortsatt ingen so kan engelsk, å en halvtimes venting med usikkerheit om kvar vi faktisk enda om vi sette oss på toget gjorde at vi via google translate heiv oss i en taxi med en tur på 4  mil å vart kjørt rett til hotellet i staden for. So det gjekk no sånn tåleleg bra. Hadde vi berre tatt taxi frå hotellet i dag tidleg hadde vi vore framme tidlegare, litt mindre stressa å til same pris ...

Men me lære !!


Men no er vi på plass og hotellet Compernicus er heilt topp. Norge he allereide sanka en dugeleg porsjon med medaljer  - hotellet, folka, Toruň Arena å stemninga er heilt nydeleg så HER I FRÅ kan det berre

gå oppover.


Tone & Grete


Reisebrev frå EM dag 2 - 19.mars


I dag har det vore konkurransedag iogmed vi var steike utslitne i førdags var damene i seng kl. 19 mandagskveld. Det resulterte i at eg våkna med en heilt øydelagde rygg ta for monge liggetimar. - so ej va å finne på tredemølla i kjelleran før ho mor i det heile tatt ha fått aue!


I dag er dagen der to generasjona Bjørdalsbakke stille i same grein - i same EM


Først til pers var eg, mned start kl.13,20. det var et sterkt felt med mykje gode kastara so forventningane mine var lave, med einaste håp om helst å klare 9 meter. Dei første tre kasta var over 9 m og enda med sesongbeste med 9,25 som holdt til en 5 plass - som ej e MEGET fornøgd med.


Tilbake på hotelklet måtte "de gamle" kvile før konkurransestart, so ej benytta sjansen til en liten spasertur i vakre Toruňs gater.


Etter et par timar i diagonalen nerma det seg konkurransetid for ne mor - som seg hør og bør i et veteranmesterskap vart oppvarminga å tøme dei polske vannmagasina med en god VARM dusj! (sleppe å tenke på straumrekninga her )


Kl.20.10 var det game on! forå gjere det ekstra spennande starta ho mor med to døde kast utanfor sektor.

For å safe slo ho til med et kast på som henta  ne opp på 7 plass å ho kom til finale - ho slo til med 8,81 m og pers med 51 cm som holdt til en 6 plass - kun 27 cm frå bronsjemedalje.


Alt i alt strålande fornøgd - spesielt med at ho faktisk greidde å gå utigjen frå arenaen for eiga maskin.


No he vi feira med en bedre middag og et glass vin - bakercyste og andre vondter er godt innsmurte med kuldekrem å vi satsa på ei god natt.


No er det to fridagar der vi skal heie våre andre medkonkurrenta fram, før eg skal kaste spyd på fredag.


Tone & Grete


Reisebrev frå EM dag 3 - 20.mars


Dagen starta som for dei fleste idrettsutøvara på 5-stjerners hotell; med heimebaka medbragt brød med leverpostei og bacenost.


I dag  he det vore kviledag - alt etter kor enn ser på det! Eg he vorte intervjua av NRK radio, å må vel strengt tatt være so ærlig å sei at eg var endå meir stressa for radioiintervjuet enn eg var i kuleringen i går.


Rykta sei dog at kråkestemma gjorde seg godt på radio so eg får no berre håpe budskapet mitt nådde fram iallefall.


Ellers he dagen i dag foregått på Toruň Arena og på stadion der vi he vore å heia fram fleire norske kastara som fortsette å imponere å sanke medaljer i henholdsvis diskos og vektkast.


Vi fekk også heie på en av mine finske konkurrenta i kule som hadde vektkast i dag. Det kom en nederlender bort til mej å lurte på kor i alle dage vi klarte å kommunisere .. å på kva språk det måtte foregå på. På svensk sa ej ... svaret var; Oh, so the Norwegians are talking swedish to the finnish ??

Thats New - Skandinavia er fint sann


I kveld he fleire av nordmennene samlast til felles middag! En hærleg gjeng å være på tur med - for et samhold - friidrettsfamilien er noko for seg sjølv.

Dagens beste kommentar gjaldt vår eldste norske deltakar på 87 år. Det er bedre å hoppe med stav enn å gå med en!

Altså, det e so fantastisk kult å inspirerande! Opp til fleire av dei som er med har over 40 års fartstid som veteraner


Nokre he reist heim, og nye he komt nedover å vi gleda oss til meir heiing å friidrettsglede i morga.


Tone & Grete


Reisebrev frå EM dag 4 - 21.mars


I dag har vi hatt ein særs roleg dag, så det er lite nytt under solen..


vi har sjekka ut litt av Toruň med vein tur på det store kjøpesenteret Toruň Plaza - et stort og flott kjøpesenter med godt utval i butikka, men shoppingforma er dårlegare enn EM-forma så det vart ei kort affære med mest fokus på iskaffe frå Starbucks.


Veien gjekk sjølvsagt vidare til Toruň Arena der vi måtte heie på dei norske som fortsette å briljere med medaljesanking!

Norge ligg no som nr. 10 på rankingen av mest medaljer av totalt 35 deltakande nasjonalitetar


Etter nokre kjekke tima i allen vart det sårt trengt med litt restitusjon før morgendagens spydfinale - så vi tok oss en tur å sjekka ut badefasilitetane på hotellet. det var mykje likt som på bildet men ein kan vel legge til vel 20 ungar som dreiv med symjetrening, så det var vel ikkje akkurat ei avslappande spa-atmosfære. Men vi fekk oss ein tur i jacuzzien, så no e me so møre me nesten he losna frå beinet.


No er det lugn og ro med klokka tidleg på raml .. nervane he meldt seg å ej berre kryssa fingrane for ei god konkurranse i morga.


Tone & Grete



Reisebrev frå EM dag 5 - 22.mars


Konkurransedag .... nerva i høgspenn .. hadde en kvilepuls på 98 vel tre tima etter ej la meg i går. Denne konkurransen kjente eg at eg grua meg litt til.


det er no dette so he vore"mi grein" - det er no her eg må prestere! Eg sa det til meg sjølv monge gonga, kjem du deg over 30 m skal du vere meget fornøgd.. Det gjorde eg! 4 gonga også faktisk! og jaggu holdt det til godt og vel til ei Bronsje.


Håpet var der, men eg turte aldri å ha trua, då skuffelsen hadde blitt alt for stor hvis det ikkje gjekk veien. Eg he en tendens til å sette litt for høge krav og forventninga til meg sjøl, men heldigvis slo det rett vei dinne gongen.

Takknemlig for å ha ei mor på sidelinja, og en solid heiagjeng heime! Tusen takk for alle gratulasjona, heiarop, meldingar etc.


No skal det reisebreva få kvile litt, so fe ej sjå om det blir ei samla reiseoppdatering på søndag! I morga reise vi i samladrosje(takk og Pris) til Gdansk, før viflyge heim igjen på søndag.


Igjen-takk for kjekke helsinga til oss begge - No feira vi med Champis.


Tone& Grete


Reisebrev frå EM dag 6 & 7


So var EM-eventyret over.


Me he trygt landa på Norsk jord, etter ei oppleving utan like.

Vi er audmjuke, stolt, takknemlig å utrulig heldig so he fått tatt del i ei slik oppleving so ditte her!


At et spontant påfunn en søndag for 6 veker sidan skulle gi oss so mykje! Frå dag 1 til heimreise he vi fått opplevd so mykje meir enn en berre kan drøyme om! Vi he fått masse nye bekjentskap, venna og opplevelsa for livet! Det å få sitte på tribuna å beundre 70, 80, 90 å snart 100 åringa stå på å gi sitt alt i alle slags friidrettsgreiner er berre heilt rått å sjå! 

Igjen vil eg berre få takke for alle heiarop å gratulasjona vi he fått på dennedinne turen.


vi håper berre at budskapet våra he nådd fram - at sjøl om vi he blitt eldre so skal vi IKKJE slutte å ha det gøy! Friidrett er en idrett for alle, og det he en særs mykje mindre skade-rate enn på fotball og handball!!


Vi har telt opp alle likes og kommentara denne siste veka, so dersom kvar og en av dokke e like sporty som vi no håpa på - so forventa ej å sjå kvar og en (godt å vel 400 stk.) av dokke på nye Ørsta Stadion når det nye dekket er på plass!


Vi invitera til en skikkeleg Veteran-dag, med håp om faste treninga en dag i veka å gleda oss til å sjå dokke alle mellom 35-39 år!!


Ps! Det er Veteran-Nm i Stjørdal jonsokhelga, so det er en fin plass å starte.


No er vi veldig glade for å kome heim igjen til våre sine.


Å sjå for en velkomst! So utruleg takknemlig for å ha so mange fantastiske venna som stilte opp med jubel å flagg når vi kom heim


Takk for oss.