Tre gull og fire sølv på veteran-NM

i friidrett


Ørsta IL friidrett stilte med tre

utøvarar på veteran-NM i helga.


Erik Drange Tønnessen (MV 45-49) kasta spydet til gull med gode 45,52 m. Han tok og gull i høgde med 1,55 m. Erik tok sølv i diskos med 30,63 m. I kule fekk han opp gode 11,42 m. Erik var spesielt godt nøgd med resultatet i spyd og kule. Han var Norgesmester junior i mangekamp for ein del år sidan. Med medaljeserien på Veteran-NM viste Erik at han framleis er i norgestoppen, no som veteran.


Ei anna stjerne som gjorde comeback var Ørsta IL friidrett sim mestvinnende utøver i NM gjennom alle tider. Grete Bjørdalsbakke (KV 60-64). Ho tok sølv i kule me 8,34 m, berre 11 cm fra gull.


Tone Bjørdalsbakke Saure (KV 35-39) tok gull i spyd med 32,34 m. I kule tok ho sølv med 9,17 m.

Tone var som ungdom i norgestoppen i kast i si aldersklasse.


Etter Veteran-NM reiste Grete og Tone til Lillehammer for å følge opp Ørsta IL friidrett sine utøvarar på Veidekkeleikane.


Veteran-NM i friidrett vart arrangert av Modum Friidrettsklubb på Furumo idrettspark 23-25 juni. Over 270 utøvarar var påmelde i dei ulike veteranklassane , fra yngste klasse 35-39 år og heilt opp til eldste klasse 90-94 år. Eldste utøver var 91 år gamle Oscar Andersen fra Romerike Friidrett. Han kasta slegga 20,83 meter.


Olve Øyehaug, Ørsta IL friidrett

Møre-Nytt 27.06.23