Kongsberg 

Tekst og foto - Jostein Mo

Framme frå v. Ståle Mork, Grete Bjørdalsbakke og Grete Krøvel

Bak frå v. Laila Moe, Unni Bente Norangshol, Paul Moltubakk,

Tore Frøland og Geir Eiken

Frå v. : Laila Mo, Unni Bente Norangshol, Nancy Bergseth, Liv Wenche Frøland, Merete Leira, Grete Bjørdalsbakke og Grete Krøvel

I konkurranse med 500 deltakarar

frå dei nordiske land :


11-årig ørstajente tok sølv

og bronse i lengde og 60 m

I helga vart Donald Duck leikane i friidrett for dei yngste gute- og jenteklassene arrangert på Kongsberg med nesten 500 deltakarar frå alle dei nordiske landa.


Det var 13 deltakarar frå Sunnmøre, og Grete Bjørdalsbakke, 11 år, frå Ørsta kom inn som reserve på 60 meter. Frå før hadde ho pers.rek. på 9.0 sek., og stor vart undringa då ho i første forsøksheat raste inn på tida 8,4 sek., som var tangering av den uoffisielle norgesrekorden for 11 års-klassa. I eit seinare heat fekk Siv Zetterstrøm frå Stavanger 8,3 sek., og det vart ho som sigra i finalen, då med 8,5 sek. I finalen vart Grete nr. 3, og fekk bronsemedalje med tida 8,7 sek. I mellom heat og semifinale hadde ho då sprumge på 8,5 og 8,9 sek.


Søndag var det lengde for Grete, og etter eit hopp i andre omgang på 4,52 meter - også ny flott personleg rekord - hadde ho leiinga heilt til Siv Zetterstrøm i siste omgang fekk eit hopp på 4,53 m., altså ein cm. forbi Grete. Grete fekk altså sølvmedalje, og var over 20 cm. føre den neste, ei jente frå Finland.

Dei to resultata til Grete gav begge over 1200 poeng - 60 m. resulterte i 1210 poeng, og lengde i 1201 p. Flotte resultat og fine plasseringar - det er kjekt når dei yngste får det til å klaffe når det verkeleg gjeld.