No blir det
nytt løpedekke
på Ørsta stadion
No er rehabiliteringa av løpedekket på Ørsta stadion i full gang!
Foto: Tone Bjørdalsbakke Saure
Tekst: Olve Øyehaug; Ørsta friidrett
Leverandør PST Sportsanlegg starta legging av gummidekke på Ørsta stadion tysdag 22.april.
Dei er så godt som ferdige med svingområdet der mellom anna høgdehoppmattene skal vere.
Arbeidet som skal utførast er:
Først legge 12 mm svart gummidekke. Deretter skal det toppsprøytast to lag flytande raud gummi på til saman 3 mm. til slutt skal bana få naudsynt oppmerking.
Totalt treng ein rundt 14 dagar med opplett. Det er gode vermeldingar så det er god grunn til å vere optimistar med tanke på framdrift. Om ein ikke får samanhengande opphaldsver i ein lang periode så kan arbeidet delast opp. Ein tek då pause dei dagane det er nedbør. Har vi veret med oss så er det ikke lenge til vi igjen kan springe på Ørsta stadion!